Elsikkerhet

Unngå brann og personskade grunna feil på det elektriske anlegget eller feil bruk av elektrisk utstyr

Mange bustadbrannar i Noreg er forårsaka av feil i elektriske anlegg eller feil brukav elektrisk utstyr. Mange er diverre ikkje klar over kva fare ein feil i det elektriske anlegget eller feil bruk av elektrisk utstyr kan føra til. Ver også merksam på at det er eigar/brukar sitt ansvar å sørgja for ettersyn og vedlikehald av det elektriske anlegget.

Installatøren har plikt til å gje deg som eigar/brukar dokumentasjon på den jobben som er gjort, samt instruksjon i bruken av anlegg og utstyr.

På ” Elsikkerhetsportalen.no” finn du mykje god informasjon om elsikkerhet både for private og bedrifter, her er også fleire morsome og lærerike spel for borna

Ein sikker heim

Med enkle grep i det elektriske anlegget kan du auka sikkerheten i heimen.

  • Komfyrbrann fører til mange bustdbrannar, ved å montera komfyrvakt kan ein unngå ein slik brann. Frå 2010 har det vore påbudt å montera komfyrvakt i alle nye elektriske installasjonar, så dette er ikkje noko som eldre folk bør ha.
  • Vaskemaskin og tørketrommel bør berre brukast når du er heime og våken.
  • Unngå å bruka skøyteledning på varmekjelder og anna utstyr som brukar mykje straum.
  • Slå av eller trekk ut støpselet til elektriske apparat som ikkje er i bruk, dette gjeld også TV’en.
  • Er sikringar, brytarar, stikkontaktar og liknande unormalt varme, kan det tyda på overbelastning eller dårleg kontakt, då er det lurt å få det undersøkt av fagfolk.
  • Pass på at ikkje varmeovnar vert tildekka av gadiner, møblar eller klede til tørk, pass også på at ikkje lyskjelder er for nære brennbart materiele.
  • Å få installert overspenningsvern og jordfeilbrytar i installasjonen er ein god investering for å unngå brann og personskadar. Frå 2010 er det påbudt med overspenningsvern i alle nye installasjonar.
  • Stikkontaktar og støpsel som er misfarga bør kontrollerast og skiftast ut, kan det vera for høg belastning på dei?
  • Sikringsskapet bør sjekkast ein gang i året, sjå etter at det ser ryddig og greitt ut og kjenn om nokon av sikringane er unormalt varme. Det kan vera lurt å gjera dette i den kalde årstida.

Les meir om elsikkerhet på www.elsikkerhetsportalen.no. Her finn du mykje god informasjon om elsikkerhet og kjekke og lærerike spel for borna. Også på heilesidene til DSB” Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredsskap finns mykje informasjon om elsikkerhet.

For fleire tips last ned pdf-fila Elvett i bustad

I landbruket

Mange dyreliv går diverre tapt kvart år grunna brannar i landbruket. Ofte skuldast desse brannane elektrisitet.

Ha fokus på elsikkerhet i landbruksinstallasjonen:

  • Bruk elektrisk utstyr som er godkjent for bruk i landbruket og pass på kapslingsgrad på utstyr som blir brukt.
  • Ha jevnleg tilsyn med elektrisk materiell og utstyr. Innfør rutinar som på ein systematisk måte tek vare på sikkerheten. Lag deg ei sjekkliste for kontroll med det elektriske anlegget, gjerne i samabeid med installatør.
  • Bruk fagfolk for utføring av arbeid i det elektriske anlegget, sjå til at du får dokumentasjon og samsvarserklæring på utført arbeid.
  • Hugs at handlampar og lyskatarar kan bli svært varme og kan difor vera farlege. Slikt utstyr må alltid brukast under tilsyn.
  • Er sikringar, koplingsboksar, støpsel eller brytarar unormalt varme, kan det tyde på overbelastning eller skade. Ta då kontakt med elektroinstallatør.
  • Bruk ikkje lause lampar og frittståande varmeomnar i husdyrrom.
  • Monter rikeleg med stikkontaktar. Unngå lause kontaktar og andre provisoriske løysingar. Dersom det i unntakstilfelle må brukast skøyteledning, pass på å bruke gummikabel og ikkje kabel av plastmateriale.
  • Støv og smuss medfører brannfare. Hugs regelmessig reingjering.
  • Unngå høgtrykkspyling av elektrisk utstyr som ikkje er konstruert for slik handsaming.

Du er ansvarleg for at det elektriske utstyret og dei installasjonane du har i hus og driftsbygg vert brukt rett og er i god stand. Er du usikker på om bygninane dine er elsikre, ta kontakt med elektroinstallatør.

Det er lovpålagt at alle registrerte verksemder skal ha internkontroll på det elektriske anlegget. Dette gjeld også landbruket. Lag eit system som er tilpassa ditt anlegg, slik at det er enkelt å bruka.

Fleire tips last ned pdf-fila Elvett i landbruket

Eldre og uføre som bur heime

I dag bur mange eldre i eigen bustad eller i omsorgsbustader. Korleis skapa ein trygg kvardag for eldre som bur heime?

Det Lokale Eltilsyn (DLE) tilbyr jevnleg informasjonsmøte til heimetenesta i kommunen for å informera om kva ein bør vera merksam på i samband med elektriske anlegg og bruk av elektrisk utstyr i heimen til eldre som bur heime. Men også pårørande er viktige støttespelarar i dette arbeidet, når våre næraste vert eldre hjelper me dei gjerna til å skaffa hjelpemiddel og ordningar for å få ein enklare kvardag, men då er det også viktig å tenkja gjennom brannsikkerhet og evna til å koma seg i sikkerhet om farer skulle oppstå.

Hovedgrunnane til at DLE har særleg fokus på eldre er:

  • Eldre bur ofte i gamle hus med elektriske anlegg som var tilpassa behov for mange år sidan.
  • Nyare utstyr blir montert i eldre installasjonar, dersom dette ikkje vert utført fagmessig, det kan føra til at sikkerheten vert redusert.
  • Nokon gløymer lettare enn tidlegare og kan forlata varmeovnar eller komfyr i bruk. Noko som kan føra til farlege situasjonar.
  • Reaksjonstid og evna til å koma seg unna når ein fare oppstår kan vera redusert.
  • Det kan vera problematisk å bruka slukkeutstyr og å få varsla brannvesen.

Enkle tiltak som f.eks. å montera komfyrvakt, skifta ut flyttbare ovnar med ovnar fastmontert på vegg, skifta til lyspærer som ikkje utviklar så mykje varme og sørga for at ein får montert fleire faste stikkontaktar ved behov i staden for å nytta skøyteledningar kan vera med å redusera faren for at ein brann skal oppstå.

Les meir i brosjyra Tryggleik i heimen for eldre

Dette kan du gjera sjølv

Elektrisitet er ei farleg vare som ved feil bruk kan føra til brann og/eller personskade. Det er difor viktig at arbeid på elektriske anlegg vert utført av fagfolk. Ta kontakt med elektroinstallatør for utføring av arbeid i det elektriske anlegget. Det er allikevel nokre oppgåver ein kan utføra sjølv, men pass på å kopla frå støpsel eller ta ut sikring før du set i gang!

Følgjande kan du gjera sjølv, dersom arbeidet vert gjort på ein sikker og forsvarleg måte: Dette kan du gjera sjølv:

  • Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel.
  • Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 Ampere, med og utan jording.
  • Kopla til, eller skifta topolte skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.
  • Kopla til eller reparera lampettar, bordlamper etc. med bevegelig leidning og montere leidningsbrytararar.
  • Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt. Det må vera strekkavlasting på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta.

Se også illustrert monteringsveiledning i pdf-dokument.