Kjøp og sal av eigedom

Eigar og brukar skal sørgja for at både elektriske anlegg og tilknytt elektrisk utstyr til ei kvar tid er godt vedlikehalde, slik at det er trygt å bruka og at det ikkje oppstår fare for liv eller eigedom.

Forskrift om elektriske lavspenningsanlegg §9. Den som til ei kvar tid er eigar og/ eller brukar, er altså ansvarleg for å utbetra eventuelle feil og manglar på anlegget og tilknytt utstyr.

Skal du kjøpa eller selja bustad, hytte eller næringseigedom?

Sidan 1. juli 1999 har det vore krav om at utførande elektroinstallatør skal levera samsvarserklæring på utført arbeid i elektriske anlegg, det er også krav til dokumentasjon som skal leverst med eit elektrisk anlegg basert på kompleksiteten i anlegget, men som eit minimum skal det finnast kurslister i sikringsskap eller einlinjeskjema over anlegget, samt nedtegning av korleis skjult varme er utført. Ved kjøp av bustad som er nyare enn dette eller der det er utført endringar i nyare tid bør seljar leggja fram dokumentasjon og samsvarserklæring.

Ved å ta kontakt med DLE kan ein få opplysningar om korti det sist vart utført kontroll av anlegget og om det fins pålegg om feil og manglar på den elektriske installasjon i bygget?