Kontroll av bustader

DLE gjennomfører årleg ei rekkje stikkprøvekontrollar av elektriske anlegg i bustader, hytter, driftsbygg og næringsbygg i vårt forsyningsområde.

Alle kontrollar så nær som byggeplasskontroll vert varsla på førehand. Eigar eller brukar må sørgja for at nokon deltek under kontrollen. På denne måten får vi gje informasjon om elsikkerhet og får gitt forklaring på kva som er faren med dei avvik som eventuelt vert påpeika.

Etter at kontrollen er utført vert det skrive rapport som vert sendt til kunden. Dersom kontrollen ikkje har avdekka feil/manglar, vil det gå fram av rapporten og saka vert avslutta.

Dersom kontrollen har avdekka feil/manglar, vert det sendt Varsel om vedtak, der det blir sett ein frist for tilbakemelding. Dersom DLE får melding om at feila er utbetra innan svarfristen, eller vi på annan måte får forklaring slik at pålegga kan slettast vert saka avslutta. Dersom DLE ikkje har fått noko tilbakemelding på Varsel om vedtak innan fristen, vil det bli sendt Vedtak til kunden med frist for når feila skal vera utbetra.

Kunden må ta kontakt med elektroinstallatør for å få retta opp i feil som er påpeika i rapport, elektroinstallatøren skal returnera signert rapport til DLE med forklaring på korleis feila er utbetra.

Døme under viser korleis kontroll av ein vanleg bustad skjer.

Representanten frå tilsynet "følgjer straumen" frå inntaket, gjennom sikringsskapet og kursane fram til tilkobla apparat og utstyr, og kontrollerer blant anna:

Inntaksboksen:

  • at rette sikringar er nytta, om det er teikn på varmgang

Sikringsskapet:

  • isolasjonsfeil (jordfeil)
  • at det er korrekt merking og at sikringar er riktig dimensjonert.
  • at spenningsførande deler er skjerma mot kontakt.
  • utføring av jordingssystem.
  • er det tegn til varmgang eller misfarging på grunn av varmgang
  • om det er lause tilkoplingar

Den faste installasjonen:

  • at jording er ført fram og tilkopla.
  • at det ikkje er blanda jorda og ujorda installasjon.
  • at alle kablar og leidningar er godt festa
  • at kablar og utstyr som td. brytarar og stikkontaktar ikkje er skada
  • at det ikkje er varmgang i brytarar , koplingsboksar og stikkontaktar osv. (visuell kontroll)

Tilkobla utstyr:

  • at varmeovnar ikkje er tildekka
  • at utstyr som trekkjer mykje straum ikkje er tilkopla via skøyteleidning.
  • at varmeomnar og sengelampar på soverom er festa til vegg.

Dersom Varsel om vedtak ikkje vert utbetra innan fristen, sender DLE ut Vedtak, med dato fro frist til å retta opp feil og manglar. Dersom DLE ikkje får inn rapport om at feil er utbetra innan fristen for siste purring, vert saka oversendt Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med heimel i lov av 24.mai 1929 nr. 4 om Tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.

Dersom det vert avdekka feil og manglar som medfører stor brannfare eller fare for skade på personell og utstyr kan det fattast Direkte Vedtak med kortare frist for retting, eventuelt med umiddelbar fråkobling av anlegget eller dei delar av anlegget som medfører fare.