Kontroll av verksemder

Alle verksemder er pålagt å ha eit eige internkontrollsystem som også omfattar det elektriske anlegget.

Kontroll av verksemder vert gjennomført med utgangspunkt i den enkelte verksemda sitt internkontrollsystem for bruk og vedlikehald av elektriske anlegg og elektrisk
utstyr.

Internkontrollforskrifta sin intensjon er å fremja Helse,- Miljø- og Tryggleik i alle norske verksemder.

Internkontrollsystemet skal bl.a. innehalda rutinar for å sikra at relevante forskrifts- og normkrav vert haldne.

Tilsynet vil gå føre seg slik:

  • I brev til verksemda vert det varsla om kontroll og grunnen til dette. Verksemda sitt IK system vert gjennomgått.
  • For å verifisera om vedlikehaldsrutinane fungerer, vert det utført stikkprøvebasert kontroll av det elektriske anlegget.
  • Det vert laga rapport, der evt manglar rundt IK system eller det elektriske anlegget blir pålagt retta med tidsfrist.
  • Verksemder som ikkje føl pålegg, vil motta purring og evt andre godkjende sanksjonsordningar, til saka er avslutta.