Anleggsbidrag

Ved tilknytning av nye installasjonar, endringar i eksisterande installasjonar etc. som fører til auka overføringskapasitet og anleggskostnader, blir det berekna eit anleggsbidrag i henhold til§ 17-5 i forskrift nr.302 fastsatt av NVE (Norges Vassdrags og Energidirektorat)

Fastsetting av anleggsbidrag

I forskrifta frå NVE kan nettselskapa fastsette eit anleggsbidrag for å dekkje anleggskostnadane ved nye nettilknytningar eller ved forsterkning av nettet til eksisterande kundar.

I anleggskostnaden inngår kostnader med prosjektering, materiell, montasje, transport etc.

”Ved anmodning om utbygging av nytt overføringsanlegg frå kunde, skal Fusa Kraftlag Nett ta kontakt med den som ynskjer nytt anlegg oppført, og i samarbeid med kunden finna fram til den mest hensiktsmessige utbyggingsløysinga. På basis av valgt utbyggingsløysning set vi opp ein kostnadskalkyle for utbygginga. Kunden skal , dersom ikkje nyanlegget åpenbart gjer fordelar for Fusa Kraftlag Nett, dekke alle kostnadane ved anlegget. Dersom nyanlegget gjer fordelar til oss skal desse dokumenterast og prisbereknast , og gå til frådrag frå brutto berekna kostnad for nyanlegget. Berekninga skal visast i kravet til anleggsbidrag som vert oversendt til kunde. Av kravet som vert oversendt kunde, skal det klart gå fram at det er eit prisoverslag Fusa Kraftlag Nett har utarbeida og at kunde vil bli fakturert i hht. faktiske anleggskostnader. Vi skal kreve skriftleg bestilling av arbeidet med aksept av anleggsbidragsberekninga før arbeidet kan settast i gong.”

Eigarskap til anlegg

Nettanlegg som er heilt eller delvis finansiert gjennom anleggsbidrag betalt av kunde, vert eigd av Fusa Kraftlag SA. Ta kontakt tidlegast mulig med Fusa Kraftlag Nett for å klarleggje om dette gjeld deg.

Gasta Design