Betalingsvilkår

Vi avreknar etterskuddsvis med bakgrunn av målt forbruk kvar månad. Ønksjer du å bli fakturert anna kvar månad må du ta kontakt med oss og avtale dette.

Alle papirfaktura blir ilagt eit fakturagebyr på kr. 25,-

For å unngå å betale fakturagebyr må du velge elektronisk faktura.

 

Med eFaktura får du rekningane direkte i nettbanken din i staden for i postkassa.

  • eFaktura bestiller du sjølv i nettbanken
  • Passar godt saman med AvtaleGiro
  • Betal kor du vil - fakturaen blir synlig i fleire nettbankar dersom ein har fleire
  • Mindre papir
  • Du slepp å taste KID-nummer
  • Betre kontroll og oversikt
  • Det einaste du må gjere er å godkjenne e-faktura beløpet i nettbanken

Kombinerer du eFaktura med AvtaleGiro vil betalinga automatisk skje frå den banken kor AvtaleGiro blei oppretta.

 

eFakturareferanse for å oppretta eFaktura finn du på straumfakturaen, der finn du og Kid for teikning av AvtaleGiro.

Ved kombinasjon av eFaktura og Avtalegiro, kan du få dine eFaktura automatisk betalt på forfallsdato.

Med kombinasjonen blir framleis eFakturaen sendt med fakturadetaljene direkte i nettbanken din og lagrast der,
men du slepp å godkjenne betalinga for at pengane skal trekkast på konto.

Hugs at ved bruk av kun avtalegiro, vil du framleis motta faktura i posten og må betale eit gebyr på 25,- pr. rekning!

 

Vi tilbyr også fakturavarsling. Dette er faktura på e-post, men blir ikkje automatisk behandla i nettbanken din. Dersom du ynskjer det, kan ein kombinere fakturavarsling med e-faktura/avtalegiro.

For å velje Fakturavarsling, loggar du deg på "Din Kundekonto" med kundenummer og målarnummer. Under kundeprofil veljer du Fakturavarsling, og du får då fakturaen din kun sendt på e-post.

Gasta Design