ENØK

Spar straum - spar pengar

Ring gratis med grønt telefonnummer: 800 49003

Enova SF er etablert av Olje- og energidepartementet (OED), og skal leda ei miljøvenleg energiomlegging i Norge. Foretaket skal ta initiativ til og fremja meir effektiv energibruk, produksjon av ny fornybar energi og miljøvennleg bruk av naturgass.

Verksemda vert finansiert gjennom eit energifond. OED har pålagt energiverka å ta inn i nettariffen 1 øre per kWh og overføra dette til energifondet. Samla for kundane i Fusa utgjer dette ca. 500.000 kroner per år. Enova skal bidra til å styrkje den norske energibalansen med 12 TWh innan 2010. Selskapet er rådgjevar for myndigheitene og deltek i internasjonalt arbeid.

Dersom du treng tips om korleis du kan spare straum kan du lese informasjonsheftet frå ENØK her.

Aktuelle nettsider:

Enova

Energisparing og El-tryggleik - Tips

12 punkter du kan sjekka sjølv for ein tryggare heim.

  • Skru sikringane godt til, og kjenn etter om nokon av sikringane (automatsikringane) er unormalt varme.
  • Sjekk at jordfeilbrytar(ar) og ev. jordfeilvarslar reagerer på testknapp.
  • Kontroller at det er ryddig i sikringsskapet, at deksler rundt sikringar/vern er på plass og at dør er lukka (låst).
  • Sjekk at deksler på brytere, stikkontaktar, koblingsboksar osv. ikkje er skada eller har teikn på varmgang.
  • Kontroller at det ikkje er kablar som er løsna, eller er skada.
  • Kontroller at fastmontert utstyr som varmeovnar, lysarmatur osv. er forskriftsmessig festa.
  • Kontroller at det ikkje brukast for sterke lyspærer i lampar.
  • Sjekk at det ikkje er overdriven bruk av bevegelige ledninger og skjøtekontaktar.
  • Kjenn etter varmgang på støpsel når desse apparata er i bruk:
  • Vaskemaskin, oppvaskmaskin, varmtvannsbereder, komfyr, varmeovnar.
  • Sjekk at det ikkje er utført installasjonsarbeid av andre enn registrert elektroinstallatør.
  • Sjekk røykvarslar, skift batteri ein gong kvart år.
  • Sjekk at pulverapparat/brannslangar er kontrollert.

Det er kun fagfolk som har lov til å foreta reparasjonar på det elektriske anlegget. Ein registrert elektroinstallatør eller fagfolk kan sjekka anlegget for deg.

Gasta Design