Feil og avbrot

Feil og utkoblingar i straumnettet

Er du straumlaus, eller ynskjer å vite om det er planlagte straumutkoblingar i næraste framtid? Her finn du ei oversikt over straumlause område og planlagte utkoblingar i nettet.

Meld frå om feil på nettet der du er : Vakttelefon: 56 58 00 35

Bli oppdatert på mobil

Få varsling på mobil ved straumbrot

Logg deg inn med kundenummer og målarnummer på Din kundekonto

  • Desse nummera finn du på ei rekning du har fått tilsendt frå oss.
  • Trykk deg inn på fana "Kundeprofil".
  • Nederst på denne sida finn du "Avtalar om varsling", og her kan du taste inn mobilnummer og e-post for varsling ved straumbrot.
  • Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om dette, så hjelper vi deg!

Sjekkliste ved straumbrot

Årsaka til straumbrot kan også ligge i ditt eige anlegg. Ei enkel sjekkliste hjelper deg å finne ut kvifor det er mørkt.

Sjekkliste ved straumbrot:

  1. Har naboen straum? Er fleire hus utan straum, ligg feilen sannsynligvis hos Fusa Kraftlag. Dersom eit stort område er utan straum, veit vi som regel om det. Har du hørt smell eller sett lysglimt eller røyk, er vi takknemlig om du ringer vår feilmeldingstelefon.

  2. Har jordfeilbrytaren slege seg ut? Klarer du ikkje å slå den på igjen, kan du skru ut/slå av alle sikringar og slå på jordfeilbrytaren att. Så skrur du inn/slår på ein og ein sikring til du finn sikringskursen med feil. Nå kan du slå av eller trekke ut kontakten til alle apparat som får straum frå denne kursen, og deretter slå på eit og eit apparat inntil du finn "syndaren". Dette apparatet må koplast frå.

  3. Sjekk hovudsikringane! Skift alle, enten du har to eller tre. Har du luftleidning til huset er desse sikringane ofte plassert på loft.

Ta kontakt - vi er i beredskap

Straumbrot kan ha mange årsaker: vind, lynnedslag, teknisk feil eller graveuhell. Fusa Kraftlag er på vakt døgnet rundt for å rette feil dersom uhellet er ute.

Feilmelding: 56 58 00 35

Fusa Kraftlag har ansvar for straumleveranse fram til husvegg. Alt på innsida av husveggen er privat anlegg. Feil og manglar på dette må rettast av elektroinstallatør.

Kompensasjon ved straumbrot

Fusa Kraftlag Nett sine kundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar.

Satsen er 600 kroner dersom ein kunde er utan straum i 12 - 24 timar, og beløpet blir høgare dersom straumen er borte meir enn eitt døgn.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har innført ordninga.

For å få utbetalt kompensasjon etter eit langvarig straumbrot må du sende inn krav til Fusa Kraftlag Nett på skjemaet du finn på linken lenger nede på sida.

Satsane for utbetalingar er:

  • kr 600 frå 12 til 24 timar
  • kr 1 400 frå 24 til 48 timar
  • kr 2 700 frå 48 til 72 timar
  • +kr 1 300 for kvar påbegynt 24-timars periode

Dersom straumen kjem og går, vert straumbrotet rekna som samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot.

For fritidsbustad kan eigar ikkje krevje meir i kompensasjon enn det som er forventa årleg nettleige.

Gasta Design