Grunnavtalar

Eit samfunn i utvikling

Tilgang til sikker elektrisk kraft er ein føresetnad for all aktivitet og utvikling i samfunnet vårt. Det er difor i alle si interesse at Kraftlaga i regionen kan skaffa fram og oppretthalda gode kraftforsyningsanlegg fram til bygd og by. Då kraftforsyninga vart bygd ut for meir enn femti år sidan, var det ei sterk dugnadsånd blant utbyggjar og grunneigar om å få fram leidningsnettet i regionen. Dei seinare åra har nok desse haldningane endra seg, særleg etter at kraftforsyninga vart konkurranseutsett. Men me møter framleis stor forståing for at ”straumen må fram”, at kraftforsyning er ei viktig samfunnsoppgåve som må oppretthaldast. Det er difor gledeleg at erfaring viser at utbyggjar og grunneigar i dei aller fleste høve i fellesskap finn fram til dei gode løysingane, slik at utbygginga kan gjennomførast og straumen kan koma fram til nye samfunnsnyttige føremål.

Kraftlaga i Sunnhordlandsregionen har laga eit felles system for grunnavtalar. Les informasjonsbrosjyra her.

Gasta Design