Straummålar

Straummålar med fjernavlesning

Nye straummålarar for automatisk avlesing av straumforbruk, er no installert hos alle kundane våre. Dette betyr ein enklere kvardag for deg, ved at du slepp å lesa av målaren din. Vi hentar inn forbruk (målarstand) den 1. i kvar månad, og dermed vert forbruket avrekna til rett pris på forbrukstidspunktet.

Målaren har også andre funksjonar som det kan vera nyttig å ta i bruk. Den kan bl.a. gje deg oversikt over kor mykje straum du brukar på et gitt tidspunkt, og du kan måle eige straumforbruk i ein sjølvdefinert tidsperiode.

Tips for bruk av straummålaren

  • Målarens normalvisning er totalforbruk målt i kilowatt-timar. Det vil seie at så lenge du ikkje trykkjer på noko, vil målaren visa målarstanden din.
  • Eit trykk på trykknappen og du får fram lasta/effekten du har på akkurat no. Etter ca. 2 min. skiftar displayet tilbake til normalvisninga totalforbruk i kWh.
  • For at vi skal få fjernavlest målaren din, må det være straum på anlegget ditt. Dersom du slår av straumen når du forlet hytta/huset, mistar vi kontakten med målaren og det vert stipulert eit forbruk.
  • For å kontrollere at det ikkje er noko som trekkjer straum når du forlet hytta/huset, trekk ut alle stikkontaktar og slå av alt du meiner brukar straum, og bruk øyeblikkseffekten i målaren. Viser denne 0, er alt slått av.
  • To trykk på trykknappen og du får fram ein timeteljar. Denne viser antal timar målaren har vore i drift. Etter ca. 2 min. skifter displayet tilbake til normalvisninga.
  • Tre trykk på trykknappen og du får fram ein trippelteljar, kWh. Blir nullstilt/aktivert når du held trykknappen inne i 6 sek. Etter ca. 2. min. går displayet tilbake til normalvisning.
  • Nullstiller du trippelteljaren før du forlet hytta, kan du ved neste hyttebesøk sjå kor mykje straum du har brukt i den perioden du har vore borte.
Gasta Design