Nettilknyting


Bestille byggjestraum?

Vi leverer byggjestraum til nybygg og ulike arrangement i kommunen.

Prisliste finn du her.

For å bestille, ring oss på 56 58 00 40 eller fyll ut bestillingsskjema

 

Inntakskabel

Dersom du skal byggje nytt hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planlegge tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkjerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen. Grøftar for inntakskabel og jording i grunn er noko av det første ein må tenkje på.

I bustad og fritidsbustad skal kunde montere tilknytningsskap for straum og ekom utvendig på husvegg. Kunde skal også sørge for kabelgrøft mellom tilknytningsskap og Fusa Kraftlag sitt kabelskap. Fusa Kraftlag leverer og legg inntakskabel i ferdig grøft og koblar denne i kabelskapet, elektroinstallatør koblar kabelen i tilknytningsskapet og gjer klart for målarmontasje. Kostnad med inntakskabel og oppsett av målar vert dekka av tilknytningsgebyret.

Ved legging av kabel og/eller trekkerøyr for kablar er det viktig at grøfter og legging vert utført fagmessig. Sjå vedlegg for informasjon om utføring av kabelgrøfter:

 

Til - og fråkobling


Har du bygd ny bustad, eller har ynskje om å setje straum på eit anna hus, må du betale tilknytningsgebyr til oss.
Gebyret skal dekke alle kostnader me har med å knytte deg til straumnettet. Prisar finn du her.


Dersom straummålaren din er fråkobla og straumen er stengt, skal det betalast tilkoblingsgebyr for fråkobla målar.
Dette gjeld uavhengig om straumen er stengt frå kunden si side, eller om det er kraftselskapet som har stengt pga. manglande betaling.

Prisar finn du her.

 

Ny nettkunde?

Dersom du er ny kunde i nettområdet, men ikkje har valgt kraftleverandør, er netteigar pliktig til å levere deg kraft.
Dette er vedtatt av NVE (Norges Vassdrags- og Energidirektorat) og vert kalla plikttariff eller ventetariff.
Du vil då bli innmeldt som kunde med ventetariff, og får tilsendt eit brev frå Fusa Kraftlag Nett SA der vi ber deg å velge kraftleverandør.
Ventetariffen består av Nord Pool sin spotpris + 5 øre/kWh. Etter 6 veker stig prisen til spotpris + 10 øre kWh (eks mva)
Vedlagt i brevet finn du ei liste over kraftleverandører i nettområdet du er tilknytta.

Meir informasjon om kraftleverandørar finn de på http://konkurransetilsynet.no/kraftpriser