Ny kundeweb - lag brukar

09.04.2019 lanserer me ny kundekonto: Kundeweb 2.0.

For å ta denne i bruk må du lage deg ein brukarkonto, uavhengig om du har vært pålogga den gamle kundeweben tidlegare. Ein må lage separate brukarkontoar for nett og kraft. Her føljer ein liten oppskrift på korleis du oppretter ny brukarkonto. Har du framleis problemer med å logge deg inn, ta kontakt med oss på support@fusa-kraftlag.no eller ring 56 58 00 20.

Registrer ny brukar

Ved innlogging første gang må du trykke på knappen “Registrer bruker”, og du får deretter to val. Du kan bruke mobilnummer eller e-postadresse som brukarnamn.

For å bruke mobilnummer som brukarnamn må dette vere identisk med mobilnummeret me har registrert i vår database. Eingangskode vert sendt til mobilnummeret på SMS. Deretter vel du deg eit passord. Om du ønskjer å bruke dette som brukarnamn men får feilmelding, ta kontakt med oss så me kan sjekke om mobilnummeret du ønskjer å bruke ligg i vår database.

For å bruke e-postadresse som brukarnamn må du registrere kundenummer og PIN ved oppretting av brukarkonto. Desse finn du på ein gammal faktura, eller du kan trykke på knappen “Glemt kundenummer og/eller PIN” og få desse tilsendt på e-post eller SMS. Deretter vel du brukarnamn og passord.

Logg inn her

Bodil Tvedt