Veglys


I ei årrekke har Fusa Kraftlag dekka vedlikehaldskostnadane for alle veglys i Fusa kommune over eigen drift. Stadig auka kostnader knytta til vedlikehaldet, og strengare krav til effektivitet frå myndigheitene, har gjort det nødvendig for oss å ta opp til ny vurdering om slike ordningar kan oppretthaldast. I realiteten er ordninga slik den har fungert, ei fordeling av kundar som har veglys i forhold til dei som ikkje har veglys. Vi har derfor konkludert at det er mest rettferdig at dei som nyter godt av veglysa også må betala for tenestene kraftlaget yter. 

Med verknad frå 1/8-2012 vil vi derfor henta inn igjen våre kostnader ved bytte av lyspærer, fotocelle eller armatur hos eigaren av det aktuelle veglysanlegget. Det er utarbeidd ein pris som vil gjelda over heile kommunen, uansett kor lang eller kort tid vi brukar på det enkelte pæreskiftet. Gjennom denne måten å kalkulera på blir det ei utjevning, slik at ein ikkje får nokon ulempe om ein bur i ytterkanten av kommunen.

Forutsetninga for denne utjevninga er at vi kan ta lyspæreskift når vi er i området for å utføra andre oppgåver. Vanligvis vil det seia innan 4 veker. Prinsippet om at eigar av veglysanlegg må dekka vedlikehaldskostnadane gjeld for alle veglys, både dei som er eigd av Hordaland Fylkeskommune, Fusa kommune og private.

Kostnad for pæreskift vil vera 325 kroner, mens bytte av fotocelle vil kosta 791 kroner. Kostnad for nytt armatur vil variera etter armaturtype, men arbeidskostnaden vil vera lik for alle.

For veglys som ikkje er knytt til eigar sin måler, vil det ut fra ei utrekna forventa levetid på  lyspære/fotocelle bli lagt inn eit beløp til vedlikehald i det årlege fastbeløpet for veglyset.

For veglys tilknytta målar, vil eigar få tilsendt faktura når det er utført arbeid på anlegget.

For ytterlegare informasjon, sjå oppdatert prisliste for veglys utan målar som blir gjort gjeldande frå  1/7-2012. Av nevnte prisliste ser ein også den store fordelen ved å ha fotocelle på veglyset, då veglys utan fotocelle har meir enn dobbelt så mange brukstimar som lys med fotocelle. Det er svært lønsamt å få montert fotocelle, og vi oppmodar eigarane til å få montert fotocelle snarast.

 

Prisliste for veglys f.o.m. 01.01.18

Tariff NS4 Veglys - utan målar
For veglys med fotocelle vert det rekna ei brukstid på 4000 timar/år.
Veglys utan fotocelle vert det rekna ei brukstid på 8760 timar/år.

125W pære vil gå ut av sortimentet, og erstattast med 35,7W LED lampe m/fotocelle.

LED veglys har 5 års garanti, og har dermed ingen årlege faste kostnader, kun forbruk.

Kostnader pr. år

Inkl. alle avgifter.

Veglys med målar
Kostnad for pæreskift 70W (125W) vil vera 967,26 kroner (905,78 kroner), mens bytte av fotocelle vil kosta 1.633,76 kroner. Kostnad for nytt armatur vil variera etter armaturtype, men arbeidskostnaden vil vera lik for alle.

 

Nytt veglys

Montering av nytt veglys på eksisterande stolpe. (Prisar er inkl. mva og arbeidstimar.)

Bestill veglys her! Fyll ut skjema, så tar vi kontakt med deg!

 

Rapportering av feil på veglys

Dersom du ynskjer å rapportera om eit veglys som er i ustand, kan du nytta skjemaet under eller ringe vårt sentralbord på tlf: 56 58 00 40.
Hugs at dersom dette er eit privat veglys på målar, vil rekning bli sendt til eigar når arbeidet på veglyset er fullført.
Gjeld dette eit privat veglys utan tilknytta målar, er vedlikehaldskostnaden inkludert i fastbeløpet ein betalar ein gong pr. år.